Anten ein likar å gå turar på ski eller til fots, drive med jakt og fiske eller rett og slett berre nyta naturen gjennom kameralinsa, er moglegheitene mange på Vatnahalsen. Her finn ein både enkle og meir krevande turar, sommar som vinter.

Helårsaktiviter

Vi anbefaler våre lokale og kortreiste samarbeidspartnere i nærområdet. Hvorfor ikke ta en dagstur med Flåmsbana ned til Flåm og deretter dra ut med Fjordsafari og avslutte dagen med et måltid på Holo gardstun? Eller du kan tusle ned Myrdalssvingene og hilse på geitene til Rallarosa gardsysteri og deretter smake de gode hjemmelagde ostene før du hopper på toget til Flåm ved Berekvam stasjon og avslutter dagen med ølsmaking på Ægir pub, vårt lokale mikrobryggeri.




Fleire flotte turalternativ som fottur ned Flåmsdalen, rusletur langs Reinungavatnet, mini tur til toppen av Kjosfossen, topptur, eller kva med ein promenade langs Kjærleiksallèen?

Seltuft 4 Km / Hallingskeid 16 Km – ca. 4 timar

Ein enkel men vakker spasertur langs Rallarvegen. Vegen går langs Reinungavatnet opp Kaldaklov til Seltuftvatnet og vidare til Seltuft. Turen byr på nydeleg natur, rik flora og nokre fossefall. Turen høver godt for barnefamiliar.

Frå Seltuft kan ein fortsetja opp til Hallingskeid. Frå Seltuft går ein opp Klevagjelet.Bratt stigning men verdt turen. Her finn ein vill og vakker natur med mange fossar, flotte fargar, stupbratte fjell og ein unik flora. På toppen av gjelet kan ein sjå den flotte steinbrua som Bergensbanen går over. Brua blei bygd for over 100 år sidan, kun med handamakt. Vegen fortsetter langs med Klevavatnet, og vidare opp til Grøndalen og langs Grøndalsvatnet. Og til sist opp til Hallingskeid og tog herifrå.

Ver merksam på at ikkje alle tog stoppar!

Dette er ein flott dagstur, og om ein ynskjer mindre stigning anbefalar me at ein tar toget til Hallingskeid og går til Vatnahalsen.

Skjebergsnuten 9 Km – ca. 3 timar t/r

Ein flott tur på oppmerka sti, middels krevjande.

Ein kryssar toppen av Kjosfossen, går langs Reinungavatnet ved hyttebebyggelsen. Bratt stigning, sti merka med vardar. Etter den fyrste stigninga, får ein ei nydeleg utsikt over Reinungavatnet, Seltuftvatnet, Kjosfossen, Flåmsbana og deler av Bergensbanen. Turen går så vidare vest langs kammen mot Skjebergsnuten. Her endrar floraen seg, då ein beveger seg opp over tregrensa. Høgste punkt er merka (1164 m.o.h.), og gjev ein flott utsikt inn Myrdalen, Ugjersdalen, ned Flåmsdalen (Vidmesnåse), og vidare aust mot Seltuft / Hallingskeid.

Tarven (Topp tur) 16 Km, 7-8 timar t/r

Dagstur til fjellplatå, med enorm utsikt.

Turen krev erfaring med fjell, gode kunnskapar om kart og kompass, samt gode sko. Stigning på 995 meter.

Startar som turen til Skjebergnuten, men går nord/aust når stien deler seg etter fyrste toppen. Kryssar dalen mot Reinungastølane. Frå stølstunet går turen rett nord frå den øvre stølshuset. Stien her er merka med vardar og raude T . Ein del rullestein og små elver som må kryssast. men ikkje ein for vanskeleg tur. På Tarven kjem du opp i 1700 meter over havet, og på godvêrsdagar kan ein sjå Rondane, Galdhøpiggen og Hårteigen på Hardangervidda.

Turen er ikkje anbefalt etter lengre nedbørsperiodar, og høver ikkje for små born!

Dette er kun nokre av turane i området. For fleire turforslag ta kontakt med våre medarbeidarar i resepsjonen.

For merka ruter og andre turforslag, sjå DNT.

Ski

Når snøen har lagt seg for vinteren, og vatna har frose til, endrar området karakter, og me får eit praktfullt skiterreng. Gode moglegheiter for å leggja ut på korte eller lengre turar. Ein flott og enkel tur som høver for alle, er turen inn til Seltuft.Turen går over islagde vatn og eit stykke langs Rallarvegen. Halv eller heildagstur med appelsin stopp!

Om ein kun ynskjer ein kort tur, gjerne i kombinasjon med pølse spidding og sol, kan ein ta turen ned på Reinunga. Topptur til Tarven er for dei med erfaring, det same med turen frå Hallingskeid over Vindhelleren til Seltuft og Vatnahalsen.

Me ser oss leie for at me må opplysa om at det ikkje lenger blir merka løype frå Hallingskeid til Vatnahalsen. Det er sjølvsakt anledning til å ta turen, men hugs kart, kompass, og lytt til erfarne fjellfolk!

Skildring av ruta? UT.no

Truge

Det er mogeleg for våre gjester å leige truger på hotellet. Truger høver særs godt i laussnø, og gjev ei framifrå trening. Dette er eit fint alternativ for dei som ikkje tykkjer om å gå på ski. Om ikkje ein lenger trugetur freistar, kan kansje eit trugeløp eller trugestafett vera tingen! Om ein aldri har prøvd truger før vil me gje ein kort introduksjon.

Jakt og Fiske

Om du har interesse for jakt eller fiske, er Vatnahalsen eit flott utgangspunkt. Her finn du flott jaktterreng med både rype og hare om det skulle smake. Jaktkort for småvilt i terrenget Myrdal – Broksfjellet får ein kjøpt i resepsjonen. Det er lov til å jakta i tida 15 september – 28/29 februar. Frå 1. oktober har ein lov til å nytta hund under jakta.

Er fiske meir din stil er moglegheitene mange. Det finst flust av fiskevatn i området. Fiskekort (med sonekart) kan du kjøpa i resepsjonen.

Isfiske

Når isen har lagt seg på Reinungavatnet eller eit av dei andre vatna ikring her kjem isfiskarane. Bli med du òg! Ta med fiskestonga og ta ein tur ned å prøv fiske lukka. Her har ein det sosialt med kaffikoking og pølsespidding. Det er mogleg å leige isfiskestenger frå resepsjonen.