Rom

I perioden juni/juli – september og ved særskilte høve utvidar me kapasiteten med rom på Annekset.

Annekset ligg ca. 150 m. frå hotellet

Annekset er frå rundt 1880, og var opphavleg nytta som anleggsbrakke under bygginga av Bergensbana. Etter at hotellet tok over bygningen, har det vorte nytta som personalbustad for tilsette. Etter at hotellet brann i byrjinga av krigen, fungerte annekset som Fjellstove. Dette varte fram til det nye hotellet opna i 1954. Dei siste åra har annekset vorte pussa opp, og om sommaren kan me tilby overnatting her.

Spisesal

Vår vesle oase! Her får gjestene våre servert frukost og middag i lune omgjevnadar.

Åremålsdagar – Bryllaup – Jubileum – Julebord – Firma – Vener – Lunsj

Kjøkkenet på Vatnahalsen legg storvekt på di matoppleving. Be om våre menyar, og kom gjerne med ynskje. Hotellet er kjend for sin heimelaga mat, og sin personlege service. Eigne festmenyar, uslåelege buffear til lunsj eller middag, samt vårt flotte julebord.

Ta kontakt for tilbod.

Salongar – Bar

Vatnahalsen Hotell - SalongAntan du ynskjer å slappe av med ei god bok framfor peisen, ta eit slag biljard, eller berre nyta selskap av dine vener, kan du gjere dette i ein av våre salongar. Eigen fjernsyns-salong. Bar med alle rettigheiter.

Lille Lofte salong

Vatnahalsen Hotell - Lille lofte salongI juni 2011 opna me vår nye salong. Denne ligg over dansesalongen, og her er det panoramautsikt over Reinungavatnet og fjella omkring oss. Salongen inneheld fleire koselege sitjegrupper. Her kan ein sitja å nyta utsikta, nyta forfriskningar, lesa og slappa av. Ein liten altan med glasvegger er med på å gjera utsynet maksimalt.

Salongen kan òg nyttast til kurs og møter for mindre grupper.

Seminaret

Vår kurs og konferanse avdeling. Sjå yterlegare informasjon under Kurs/Konferanse. Anledning for filmframvisning, utstillingar og konsertar. Ved større arrangement som bryllaup, dekker me gjerne opp til middag her.

Skistallen Souvenir

Souvenirbutikken er lokalisert i hotellets gamle skistall. Bygget er frå 1953/54, og ligg like ved hotellet. Her finn ein eit stort utvalg av nissar, troll, og husfrua sin eigen produksjon av strikk og saum.

Sauna

Saunaen kan nyttast av alle våre gjester på førespurnad.

Uteservering

Mai – September. Eller når veret høver! Flotte terrassar og grasbakke med bord og benker.

Øl og vin rett. Eigen leikeplass for born.

Lavo (Tipi)

Vatnahalsen Hotell - Lavo (tipi)Juni – September. Stort telt med gruve på uteområdet vårt.. Her serverar me middag til grupper på førespurnad. Kan òg nyttast for andre tilstellingar.

Tilbake til toppen