Vis større kart

Vatnahalsen ligg i Aurland Kommune i Sogn og Fjordane Fylke.

Hotellet tronar på toppen av Flåmsdalen, 820 m.o.h.. Flåmsbana går rett ved , og har eige togstopp ca. 50 m. frå hotellet. Vatnahalsen er ein unik plass. Her finn ein vill vakker natur,mykje frisk luft, og ikkje minst er Vatnahalsen ein unik plass fordi det ikkje går bilveg hit!! Toget er den einaste måten å komma seg til Vatnahalsen på heile året, anten ein kjem med Bergensbana frå Oslo eller Bergen, eller ein kjem med Flåmsbana frå Flåm.

Om sommaren kan ein også ta seg hit på sykkel eller til fots langs den populære Rallarvegen frå Haugastøl eller Finse til Myrdal eller Flåm.

Nærmaste sentrum er Flåm, ca. 20 km ned Flåmsdalen. Her finn ein butikk, kafear, turistinformasjon, post og bank. Også fleire kollektive transportar og ulike aktivitetar. Omlag 10 km frå Flåm ligg Aurland, som er kommunesenteret. Forutan butikkar og kafear, finn ein her politi, lækjar, tannlækjar, bensinstasjon, samt galleri og skofabrikk.

Avstand / Reisetid

FråKmTid (ca.)Til
Bergen (tog)135,51t 55min.*Myrdal
Oslo (tog)335,84t 45min.*Myrdal
Flåm (tog)19,0735/55min.**Vatnahalsen
Myrdal (tog)1,14min.Vatnahalsen
Myrdal (gå)1,620-30min.Vatnahalsen
Bergen (bil)167,82t 30min.Flåm
Voss (bil)66,860min.Flåm
Oslo (bil)356,95t 15min.Flåm

* Køyre tid avhengig av type tog og tid på døgnet. ** Køyretida er ulik for sommar og vinter ruter.

I vinterhalvåret er det ikkje råd å gå frå Myrdal stasjon til Vatnahalsen, einaste tilkomst er då med tog.

Korrespondansane til Vatnahalsen er då, frå Oslo kl. 12:01, ankomst Myrdal kl. 16:58, avgang Flåmsbana kl. 17:55. Frå Bergen er det fleire mogelegheiter, men siste korrespondanse er kl. 15.58 frå Bergen, ankomst Myrdal kl. 17.50, avgang Flåmsbana kl. 17.55.

Sjå ellers rutetider på NSB.