Har de planar om kurs eller konferanse dette året?

Vatnahalsen Høyfjellshotell kan tilbyr dykkar bedrift kurs/konferanselokal i ein varm og heimleg atmosfære, 820 m.o.h. Her er det ingen forstyrrande støy frå bilar eller annan bystøy. Reisa hit foregår kun med tog. I desse klimatider er dette ein miljøvenlege reisemåte,og ikkje minst ein komfortabelt måte å ta seg hit. Vatnahalsen Høyfjellshotell har 35 rom med baderom, av desse er 7 enkeltrom. Hotellet har ein kapasitet til 35 personar i enkeltrom, evt. 60 personar om deltakarane ligg i dobbeltrom.

Vi har også dagskonferanser. Ta kontakt for våre pakkeløsninger.

Pris pr. kursdeltakar pr. døgn er kr. 1250,- i dobbeltrom og kr. 1550,- i enkeltrom. Prisen inkluderer fullpensjon*, kurslokale, grupperom, samt to kaffiserveringar. Lunsj avreise dag: kr. 265,-

* Fullpensjon inkluderar: overnatting, 2-rettars lunsj, ev. for grupper over 25 personar blir det servert buffet, 3-retters middag og koldtbord til frukost.

Kurslokalet vårt er utstyrt med dataprojector, lerret, høgtalarar, flippover, overhead, og bærbar pc med mobilt breiband. Det er og råd å kopla opp for fjernsyn. Møteromma kan utstyrast med lerret, flippover og overhead.

KurslokaleU-bordMøteKlasseKinoBankett
Seminaret3034409090
Lille loftx10xxx
Grønnesalongx6-8xx10
Oppsett

Kva med å kombinera kurs og aktivitetar?

Me vil anbefalar på det sterkaste å kombinera kurs/konferanse opphaldet med aktivitetar. Dette skapar samhald, pusterom og ikkje minst nye opplevingar. Kva med å starta opphaldet med ein sykkeltur på Rallarvegen, frå Finse til Vatnahalsen, her får ein noko av det villaste og vakraste vestlandet har å by på. Eller kanskje fristar det meir med ein fottur ned Flåmsdalen, gjerne i kombinasjon med lunsj på ein høgdegard i dalen. Eller kva med ein fottur til ein av fjelltoppane i nærleiken, eller ein skitur over islagde vatn. Moglegheitene er mange om de legg turen til oss.

I samarbeid med andre aktørar kan me og mellom anna tilby tur med Flåmsbana, Fjordsafari, omvisning på lokalt bryggeri, fjordcruise og mykje anna spanande. For meir informasjon om dei ulike aktivitetane ta kontakt med oss.

Utan mat og drikka, dug som sagt ikkje helten….

Vel så viktig som turar og aktivitetar er god mat og drikka! Kjøkkenet vårt har ord på seg for å servera framifrå mat, og ikkje minst for å vera serdeles fleksibelt. Me tilbyr fleire ulike menyar både til lunsj og middag, bla. eigne festmenyar. Skulle ein heller ynskja lokal vestlandskost, er dette òg mogeleg. Menyar og opplegg vil varierar etter sesong.

Ta kontakt for tilbod og opplegg!