Rallarvegen blei bygd som anleggsveg rundt år hundre skifte, og blei nytta til frakt av utstyr og material til anlegget på Bergensbana.

No vert vegen i stor grad nytta av syklistar og er blitt kåra til Noregs flottaste sykkelveg. Vegen opnar normalt rundt 20 juli, og sesongen varer fram til snøen legg seg i september / oktober. Normalt vil det og vera råd å sykla delar av strekninga før 20 juli.

Rallarvegen strekker seg frå Haugastøl – Myrdal/Flåm og frå Upsete – Voss. Anten du vel å sykla frå Haugastøl eller Finse vil du få ein uforgløymeleg tur. Du syklar gjennom storslått natur; frå høgfjell til fjord, frå vinter til sommar, og er du heldig (eller uheldig) får du alle typar vær på turen. Så hugs å kle deg godt, regnklede i sekken er ein sikker vinnar!

Det er mykje flott å sjå på langs vegen, så ta deg god tid på turen! Noko av det ein kan sjå langs vegen er ein fantastisk flora, turen går frå snau fjellet, og dess lenger ned over ein kjem dess rikare blir floraen, fleire av plantene her veks ikkje andre stader i Noreg. Fleire stader kan ein og sjå imponerande stein bruer og murar, desse vart bygd for meir enn 100 år sidan kun med handemakt. Langs vegen ser ein og fleire vaktarbustader som vart nytta av dei som hadde tilsyn med jernbana, her budde dei saman med familien sin heile året. Ta gjerne eit stopp ved Fagernut vaktarbudstad, 1300 moh, her er det kafe på sommaren og ein utstilling om livet i vaktarbudstaden.

Eit av dei flottaste partia på heile vegen er mellom Hallingskeid og Vatnahalsen. Her er det grønt og frodig og ikkje minst vilt og vakkert ned Klevagjelet. OBS!! Her er det bratt og lite sikring mot den brusandes Måldå elva. Trill sykkelen her!!

Eit anna flott parti er ned Flåmsdalen. Her går det rakt utfor frå Vatnahalsen, ned 21 serpentinsvingar, hugs å trill sykkelen!! Deretter er det stort sett slakk unnabakke heile vegen til Flåm så ta deg tid til å nyta turen og slå av ein prat med alle gjeitna du treff på vegen.

I Flåmsdalen fins det mange gardsbruk og desse har slåttemark spreidd utover i dalføret. Så vær OBS på at du kan treffa bilar og traktorar på vegen.

Avstandstabell

*Mellom Myrdal og Upsete må ein nytta lokaltog.

I rolig tempo vil du på strekninga Finse – Vatnahalsen nytta 5-6 timar. Inkluderar ikkje rast/foto stopp.

For at du skal få den beste opplevelsen på din sykkeltur på Rallarvegen gjev me her nokre tips for turen.

Heilt til slutt: ta med deg alt søppel og nytt toaletta ved stasjonar og serveringsstadar, så andre som kjem etter deg kan få same gleda av turen.

Les Rallarvettreglane!

GOD TUR!